Fullstendig oversikt over alle våre produkt. Er det noko du ikkje finn, eller skulle ønske vi kunne tilby deg? Send oss gjerne ein e-post.

Leige av stisykkel

LEIG EIN SYKKEL SLIK AT DU KAN UTFORSKE GLOPPENATUREN! Vi har syklar du kan ta ut av vegen og i staden utforske det store sti- og grusvegnettet i Gloppen.  15 fulldempa stisyklar 2 el-syklar DETTE ER INKLUDERT: Sikkerhetsutstyr: Hjelm, hanskar og kne-beskyttarar.   HENTING OG LEVERING: Syklane kan hentast og leverast ved Intersport Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt.   WIDERØE'S FLY AND BIKE: Dersom du bookar sykkel gjennom Widerøe's "Fly and Bike", så husk å gje oss beskjed om at du ønsker å hente sykkelen på flyplassen, kva type sykkel du ønsker samt ankomsttid. Dette kan noterast i notatfeltet ved bestilling. PRIS: 24t leige: Fulldempa stistykkel: kr 580,- El-sykkel: kr 480,-   Ta gjerne kontakt for tilbod dersom du ønkjer å booke sykkel for meir enn eit døgn. Stisyklane: GIANT 16 TRANCE 27.5 og Rocky Mountain Altitude Vi oppmodar til å nytte sikkerheitsutstyr og å ta hensyn til veir og vind ved val av løype.  Vi anbefaler også at du tek med vindjakke og sekk med drikke på turen. 

FraNOK 480
Bestill nå!

Utleige av kajakk

Vi leiger ut kajakkar med utstyr. DETTE ER INKLUDERT: Kajakk, spruttrekk, åre, flytevest, tørr-/våtdrakt HENTING OG LEVERING: Kajakkane hentast og leverast i Grandeparken på Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt. PRIS: 490kr per døgn For å leige kajakk, må du ha fylt 18 år, og ha våttkort (NPF) eller tilsvarande sertifisering. Om du har våttkort, kan du leige kajakk til 1 person som ikkje har det, men vi anbefalar alle som padlar å ta kurs. Vi oppmodar alle til å ta omsyn til vær og vind ved val av tur. Ta høgde for at vinden både kan bli sterkare og snu. Hugs å padle nært land både for tryggleiken og opplevingane si skuld. Ta med godt med mat og drikke, og kle deg godt.

FraNOK 490
Bestill nå!

River Kayaking

Nordfjord has a lot of rivers suitable for kayaking. Gentle and slow rivers for beginners, and challenging white water rapids for experienced kayakers. Contact us for a good offer.

FraNOK 1'200
Bestill nå!

Gjegnen - ein enorm tur i eit vilt landskap

  Frå 0 til 1670 moh, og tilbake igjen i eit område som både har kyst og alpint høgfjell. Det heile startar med båt på Nordfjorden ein tidleg morgon, og ilandstigning på ein veglaus gard på Metteneset. Ein startar å bevege seg oppover gjennom skogen, får utsikt, og kjem etterkvart inn i eit vilt høgfjellsterreng med brear, mykje stein og turkise fjellvatn. Etter ei stund i taulag over breen, går ein vidare til Galleriet - eit utsiktspunkt på toppen av ein 1200 meter høg og tilnærma loddrett fjellvegg. Frå Galleriet er det lett gange vidare til toppen av Gjegnen på 1670 moh. Utsikta er av det storslåtte slaget - frå det opne havet i vest, til tindar i Sunnmørsalpane og majestetar i Indre Nordfjord og Sogn. Turen går altså frå 0 moh. til 1670 moh. og tilbake. Ein seriøs tur i eit utfordrande fjellområde - noko som set høge krav til fysisk form og god motivasjon. Her må ein ha erfaring i å vere ute og i aktivitet, i høgfjellet, ein heil dag, i vekslande vær og temperatur. Informasjon: Deltakarar: Minimum 3 - maks. 6 Pris: 2500 kr per pers. Datoar: 1., 9., og 16. juli (tysdagar) (kan óg gjennomførast andre dagar på førespurnad) Tidspunkt: kl. 08.00 - ca. 20-22.00 (12-14 timar) Oppmøtestad: kaia på Hestenesøyra i Gloppen Inkludert: Erfaren guide Breutstyr Båttransport frå Hestenesøyra til Metteneset og tilbake Dette ordnar du: Dagstursekk 30-40L Vind- og vasstett yttertøy Varmt mellomlag/eller isolasjonsjakke (tjukk fleece/ull eller dun/primaloft) Vottar, hue og skjerf Gode og kraftige tursko Solbrille og solkrem Rikeleg med mat og drikke

Fjelltur

Vi kan guide deg dit du vil. Eller vi kan finne den perfekte turen for deg og di gruppe.  Fjella i Nordfjord inviterar til både korte og lange turar i både snilt og bratt terreng. Fortel oss kva du ønskjer, og vi skreddarsyr til deg.  Fjordlanskapet gir ei storslått ramme rundt turen uansett kvar vi går. Guidane våre er dyktige både i høve tryggleik og formidling av naturen, og vi set stoltheita vår i å levere gode opplevingar. Så bestill den perfekte turen spesielt tilpassa deg.

Sykkelguide

La ein sykkelguide gi deg inngangen til sykling på stiane i Gloppen. Guiden tar deg med på eit knippe stiar, og gir det gode råd om kor du kan gå for å finne stiar som passar både nivå og forhold. Du veljer sjølv kor lenge du ønskjer guiden, og kva fokuset skal vere. 1 - 3 personar (pris per guide): 2 timar: 1350kr 3 timar: 1950kr 6 timar: 3700kr 4 - 8 personar (pris per guide): 2 timar: 1800kr 3 timar: 2600kr 6 timar: 4500kr

Sykkelinstruktør

Ein skreddarsydd sykkeltur der vi fokuserar på øving og utvikling. Lær det grunnleggande om du er ny på stisykkelen, eller vel ut ein dugleik du ønskjer å forbetre. Vi kan nytte alt frå pumptrack og Nordfjord Stisenter til å øve dropp og hopp på harde, tekniske stiar. Alle er velkomne og alle har noko dei kan bli betre på. 1 - 3 personar (pris per instruktør): 2 timar: 1350kr 3 timar: 1950kr 6 timar: 3700kr 4 - 8 personar (pris per instruktør): 2 timar: 1800kr 3 timar: 2600kr 6 timar: 4500kr

Klatring på kilar - Kurs - 3 dagar

Ønskjer du å ta steget vidare til å klatre på eigne sikringar? Våre profesjonelle instruktørar gir deg ein god og trygg start. Kurset går over 3 dagar der ein kan velje om ein ønskjer å bruke 2 kveldar og ein full dag, eller 3 fulle dagar. Ein følgjer ein natureleg progresjon der ein dei to første kveldane øver seg å setje sikringar, lage standplassar og rappellere på kanskje Noregs beste opplæringsfelt for klatring; Sageflåten, før ein på den siste dagen klatrar ei rute med fleire taulengder og får prøve ut taulagsrutiner i praksis. Informasjon: Deltakarar: Minimum 3, maks. 8 Pris: 4900 kr per pers. Datoar: på førespurnad Inkludert: Erfaren og kvalifisert guide Sikringsmiddel til klatringa (men du kan bruke eigne om du ønskjer) Dette ordnar du: Transport Overnatting Vind- og vasstett yttertøy varmt mellomlag (tjukk fleece/ull) vottar, hue og skjerf gode tursko personleg klatreutstyr (sele, sko, hjelm og taubrems og skrukarabinar) mat og drikke

Toppturhelg - 4 dagar i Kandalen i Nordfjord

La ein dyktig lokal guide finne den gode snøen som gir deg den kjensla av flyt du leitar etter! Kvifor? Fordi Kandalen i Nordfjord er ei uoppdaga perle der sjansen for førstespor er stor. Kva? 4 dagar med flotte toppar, vestnorsk utsikt og gode opplevingar. Kva toppar og sider vi køyrer, blir bestemt ut frå vær og snøtilhøve. Men Kandalen er utgangspunktet vi jobbar ut frå! Skulle snøtilhøva seie at det er betre å utvide horisonten litt, gjer vi sjølvsagt dette for å finne den beste snøen. Erfaren tindevegleder med mykje kunnskap og lokalkjennskap. Kven? For deg som vil kunnskapen til våre dyktige guidar skal gi deg den ekstra dimensjonen turen din treng; Den lokale kunnskapen og den profesjonelle tilnærminga til å finne den gode snøen! Når? Mars - Mai på førespurnad. Overnatting: Vi hjelper gjerne med å finne overnattingsstad. Kontakt oss, og vi vil anbefale ein stad som passar godt til deg.

Opplev Gloppefjorden frå kajakk

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald. Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv. Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen. Krav: God fysisk form, og ingen skulderskader Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv. Informasjon: Når: 17. juni - 18. august: Kvar Mandag og Fredag (Andre dagar på førespurnad) Oppmøte: Grandeparken på Sandane kl. 12.00 Tid: 3 timar Språk: Engelsk, norsk Minimum: 3 personar Pris: 990 kr Alder: Minimum 12 år Inkludert: Kajakk & åre Flytevest & våtdrakt/tørrdrakt (om nødvendig) kajakkguide Dette ordnar du: Passande turklede/treningsklede Ekstra sett med klede om du skulle bli våt Lunsjpakke

FraNOK 990
Bestill nå!

Guida stisykling

På omlag 3 timar, viser våre guidar deg dei beste spottane, dei hemmelege stiane, og den flotte naturen rundt. Men du må ikkje seie det til nokon, for det er framleis ei hemmelegheit. Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling.    Eit eige samfunn har vakse opp rundt stisykling i Gloppen, og vi kan dermed tilby både erfarne og dyktige guidar som er flinke både til å finne eigna stiar til gruppa, og til å formidle naturopplevingane. Eit stisykkel-senter med bærekraftige stiar og eigen klatresti er nettopp opna på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar. Det store talet på gode sykkelstiar gir oss høve til å velje den perfekte stien til kvar gruppe. Informasjon: Når: 17. juni - 18. august: Kvar Onsdag og Laurdag (Andre dagar på førespurnad) Oppmøte: Intersport på Sandane kl. 12.00 Tid: 3-4 timar Språk: Engelsk, norsk Minimum: 2 personar Pris: 990kr (1500kr inkludert sykkelleige) Alder: Minimum 12 år (>145cm for sykkelleige) Inkludert: Fulldempa stisykkel hjelm og knebeskyttarar  Sykkelguide Dette ordnar du: Passande turklede/treningsklede isolerande lag til å ta på i pauser Gode joggesko/sykkelsko Lunsjpakke Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr.  Ferdigheiter, ver og vind er avgjerande for val av sti den aktuelle dagen.

FraNOK 990
Bestill nå!

Eggenipa

Eit av dei mest ikoniske fjella på Vestlandet. Eit vakkert fjell, men turen er enda betre! Terrenget er ope med berre lav vegetasjon, så du har ei spektakulær utsikt frå ryggen ein følgjer nesten heile vegen. Guidane våre gir opplevinga ein ekstra dimensjon og deler kunnskapen sin om både natur, kultur og historie. Krav: Fjellturen er lang (6-8 timar) og bratt, og krev at du er i god fysisk form. Nokre opptak er òg litt eksponerte og bratte, men guidane våre hjelper og motiverar deg om du treng dette. Toppen ligg på 1330 moh., så der kan vere både meir vind og kaldare enn i lavlandet der vi startar. Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv. Informasjon: Når: 17. juni - 18. august: Kvar torsdag og søndag. (andre dagar på førespurnad Oppmøte: Parkeringsplassen ved Eggestøylen klokka 10.00 Tid: 6-8 timar Språk: Engelsk og Norsk Minimum: 3 gjestar Pris: 850kr Alder: Minimum 10 år Inkludert: Dyktig guide Du orndar: Passande turklede vass- og vindtette ytterklede Solide og gode fjellsko varmt, isolerande lag ryggsekk (stor nok til klede, mat og vatn) Lunsj minimum 1 L vatn Korleis finne startpunktet: Om du kjem frå nord (Sandane, Stryn, Loen): Når du passerar Byrkjelo, hald fram mot Bergen på E39 i 5,3km. Sving til venstre på ein grusveg gjennom eit gardstun, og hald fram oppover denne vegen i 3,4km før du kjem til parkeringsplassen. Om du kjem frå sør: (Bergen, Førde, Sogndal, Flåm): På skei tar du vegen ut av rundkøyringa som leiar mot Ålesund, og held fram på hovudvegen (E39) i 14,5km. Når den smale og spektakulære Våtedalen opnar seg litt opp, har du ein gard på høgre side. Der svingar du inn på ein grusveg som går gjennom tunet, og held fram på denne vegen 3,4km før du kjem til parkeringsplassen.

Skredkurs - 3 dagar

Kven: For alle som går på topptur eller ferdast i bratt lende, og ønskjer å lære om skred, vær, forhold, kameratredning, og ikkje minst - korleis finne den gode snøen. Kva: 3 dagar med naturleg progresjon der vi bygger stein på stein med kunnskap og kjennskap.  Kor tid: På førespurnad

Aktivitet - Teamutvikling - Moro

Kommunikasjonsverktøyet Diversity Icebreaker legg grunnmuren for engasjerande gruppeoppgåve og spennande aktivitetar. Den raude tråden med kommunikasjon og samarbeid går gjennom heile opplegget, og kombinasjonen av aktivitet, kunnskap og kollektiv deltaking gir eit varig utbytte for bedrifta. Gjennom kollektiv refleksjon, involvering av positive emosjonar, og sjølvsagt aktivitet, er Gloppen Aktiv med å gi deltakarane eit felles språk. I tillegg fokuserar vi på korleis vi som personar brukar ulike måtar å kommunisere på, og korleis ein kan utnytte likskapar og ulikskapar i teamet.