Eggenipa

Eit av dei mest ikoniske fjella på Vestlandet. Eit vakkert fjell, men turen er enda betre! Terrenget er ope med berre lav vegetasjon, så du har ei spektakulær utsikt frå ryggen ein følgjer nesten heile vegen. Guidane våre gir opplevinga ein ekstra dimensjon og deler kunnskapen sin om både natur, kultur og historie. Krav: Fjellturen er lang (6-8 timar) og bratt, og krev at du er i god fysisk form. Nokre opptak er òg litt eksponerte og bratte, men guidane våre hjelper og motiverar deg om du treng dette. Toppen ligg på 1330 moh., så der kan vere både meir vind og kaldare enn i lavlandet der vi startar. Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv. Informasjon: Når: 17. juni - 18. august: Kvar torsdag og søndag. (andre dagar på førespurnad Oppmøte: Parkeringsplassen ved Eggestøylen klokka 10.00 Tid: 6-8 timar Språk: Engelsk og Norsk Minimum: 3 gjestar Pris: 850kr Alder: Minimum 10 år Inkludert: Dyktig guide Du orndar: Passande turklede vass- og vindtette ytterklede Solide og gode fjellsko varmt, isolerande lag ryggsekk (stor nok til klede, mat og vatn) Lunsj minimum 1 L vatn Korleis finne startpunktet: Om du kjem frå nord (Sandane, Stryn, Loen): Når du passerar Byrkjelo, hald fram mot Bergen på E39 i 5,3km. Sving til venstre på ein grusveg gjennom eit gardstun, og hald fram oppover denne vegen i 3,4km før du kjem til parkeringsplassen. Om du kjem frå sør: (Bergen, Førde, Sogndal, Flåm): På skei tar du vegen ut av rundkøyringa som leiar mot Ålesund, og held fram på hovudvegen (E39) i 14,5km. Når den smale og spektakulære Våtedalen opnar seg litt opp, har du ein gard på høgre side. Der svingar du inn på ein grusveg som går gjennom tunet, og held fram på denne vegen 3,4km før du kjem til parkeringsplassen.

Gjegnen - ein enorm tur i eit vilt landskap

  Frå 0 til 1670 moh, og tilbake igjen i eit område som både har kyst og alpint høgfjell. Det heile startar med båt på Nordfjorden ein tidleg morgon, og ilandstigning på ein veglaus gard på Metteneset. Ein startar å bevege seg oppover gjennom skogen, får utsikt, og kjem etterkvart inn i eit vilt høgfjellsterreng med brear, mykje stein og turkise fjellvatn. Etter ei stund i taulag over breen, går ein vidare til Galleriet - eit utsiktspunkt på toppen av ein 1200 meter høg og tilnærma loddrett fjellvegg. Frå Galleriet er det lett gange vidare til toppen av Gjegnen på 1670 moh. Utsikta er av det storslåtte slaget - frå det opne havet i vest, til tindar i Sunnmørsalpane og majestetar i Indre Nordfjord og Sogn. Turen går altså frå 0 moh. til 1670 moh. og tilbake. Ein seriøs tur i eit utfordrande fjellområde - noko som set høge krav til fysisk form og god motivasjon. Her må ein ha erfaring i å vere ute og i aktivitet, i høgfjellet, ein heil dag, i vekslande vær og temperatur. Informasjon: Deltakarar: Minimum 3 - maks. 6 Pris: 2500 kr per pers. Datoar: 1., 9., og 16. juli (tysdagar) (kan óg gjennomførast andre dagar på førespurnad) Tidspunkt: kl. 08.00 - ca. 20-22.00 (12-14 timar) Oppmøtestad: kaia på Hestenesøyra i Gloppen Inkludert: Erfaren guide Breutstyr Båttransport frå Hestenesøyra til Metteneset og tilbake Dette ordnar du: Dagstursekk 30-40L Vind- og vasstett yttertøy Varmt mellomlag/eller isolasjonsjakke (tjukk fleece/ull eller dun/primaloft) Vottar, hue og skjerf Gode og kraftige tursko Solbrille og solkrem Rikeleg med mat og drikke

Fjelltur

Vi kan guide deg dit du vil. Eller vi kan finne den perfekte turen for deg og di gruppe.  Fjella i Nordfjord inviterar til både korte og lange turar i både snilt og bratt terreng. Fortel oss kva du ønskjer, og vi skreddarsyr til deg.  Fjordlanskapet gir ei storslått ramme rundt turen uansett kvar vi går. Guidane våre er dyktige både i høve tryggleik og formidling av naturen, og vi set stoltheita vår i å levere gode opplevingar. Så bestill den perfekte turen spesielt tilpassa deg.