Guida stisykling

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 990

+1 Tilleggsmuligheter

På omlag 3 timar, viser våre guidar deg dei beste spottane, dei hemmelege stiane, og den flotte naturen rundt. Men du må ikkje seie det til nokon, for det er framleis ei hemmelegheit. Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling. 
 

Eit eige samfunn har vakse opp rundt stisykling i Gloppen, og vi kan dermed tilby både erfarne og dyktige guidar som er flinke både til å finne eigna stiar til gruppa, og til å formidle naturopplevingane. Eit stisykkel-senter med bærekraftige stiar og eigen klatresti er nettopp opna på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar. Det store talet på gode sykkelstiar gir oss høve til å velje den perfekte stien til kvar gruppe.

Informasjon:

  • Når: 17. juni - 18. august: Kvar Onsdag og Laurdag (Andre dagar på førespurnad)
  • Oppmøte: Intersport på Sandane kl. 12.00
  • Tid: 3-4 timar
  • Språk: Engelsk, norsk
  • Minimum: 2 personar
  • Pris: 990kr (1500kr inkludert sykkelleige)
  • Alder: Minimum 12 år (>145cm for sykkelleige)

Inkludert:

  • Fulldempa stisykkel
  • hjelm og knebeskyttarar 
  • Sykkelguide

Dette ordnar du:

  • Passande turklede/treningsklede
  • isolerande lag til å ta på i pauser
  • Gode joggesko/sykkelsko
  • Lunsjpakke

Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr. 


Ferdigheiter, ver og vind er avgjerande for val av sti den aktuelle dagen.

Fra NOK 990

+1 Tilleggsmuligheter

Bestill nå! Forespørsel

Vi har massevis av fine sykkelstiar. Guiden bestemmer ei fin rute ut frå tilhøve, vær og gruppe. Men det er lov å kome med ønskje!

Reiserute

  1. Sørstrandsvegen
  2. Sørstrandsvegen
  3. Sørstrandsvegen