Opplev Gloppefjorden frå kajakk

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 990

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald.

Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv.

Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen.

Krav: God fysisk form, og ingen skulderskader
Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv.

Informasjon:

  • Når: 17. juni - 18. august: Kvar Mandag og Fredag (Andre dagar på førespurnad)
  • Oppmøte: Grandeparken på Sandane kl. 12.00
  • Tid: 3 timar
  • Språk: Engelsk, norsk
  • Minimum: 3 personar
  • Pris: 990 kr
  • Alder: Minimum 12 år

Inkludert:

  • Kajakk & åre
  • Flytevest & våtdrakt/tørrdrakt (om nødvendig)
  • kajakkguide

Dette ordnar du:

  • Passande turklede/treningsklede
  • Ekstra sett med klede om du skulle bli våt
  • Lunsjpakke

Fra NOK 990

Bestill nå! Forespørsel

Oppmøte er i Grandeparken i Sandane Sentrum. Vi padlar forbi notabua i Selvågane, og forbi småholmar og skjær der vanlegvis fuglar som blant anna skarv, hettemåse og svartbak held til. Vi rundar elveneset og får overblikk over det flotte kulturlandskapet på sørsida av Gloppefjorden. Været, gruppa og tida avgjer kva vi gjer vidare frå dette - men spennande og flott blir det i alle fall.

Om du ønskjer ein lenger eller skreddarsydd tur, send oss ein e-post, og vi kan vise deg mange skjulte skattar i Gloppenaturen.

Framsidebilde: Matilde Kvammen

Reiserute

  1. Sandane
  2. Selvågane - old boat house
  3. Birds birds birds
  4. The point where we decide to continue or go back.