Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


Frodig, variert og tilgjengeleg!

 

Gjegnen - ein enorm tur i eit vilt landskap

  Frå 0 til 1670 moh, og tilbake igjen i eit område som både har kyst og alpint høgfjell. Det heile startar med båt på Nordfjorden ein tidleg morgon, og...

Guida stisykling

På omlag 3 timar, viser våre guidar deg dei beste spottane, dei hemmelege stiane, og den flotte naturen rundt. Men du må ikkje seie det til nokon, for det er framleis ei hemmele...

Leige av stisykkel

LEIG EIN SYKKEL SLIK AT DU KAN UTFORSKE GLOPPENATUREN! Vi har syklar du kan ta ut av vegen og i staden utforske det store sti- og grusvegnettet i Gloppen.  15 fulldempa stisyklar 2 el-syklar DETTE ER INKLUDERT: Sikkerhetsutstyr: Hjelm, hanskar og kne-beskyttarar.   HENTING OG LEVERING: Syklane kan hentast og leverast ved Intersport Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt.   WIDERØE'S FLY AND BIKE: Dersom du bookar sykkel gjennom Widerøe's "Fly and Bike", så husk å gje oss beskjed om at du ønsker å hente sykkelen på flyplassen, kva type sykkel du ønsker samt ankomsttid. Dette kan noterast i notatfeltet ved bestilling. PRIS: 24t leige: Fulldempa stistykkel: kr 580,- El-sykkel: kr 480,-   Ta gjerne kontakt for tilbod dersom du ønkjer å booke sykkel for meir enn eit døgn. Stisyklane: GIANT 16 TRANCE 27.5 og Rocky Mountain Altitude Vi oppmodar til å nytte sikkerheitsutstyr og å ta hensyn til veir og vind ved val av løype.  Vi anbefaler også at du tek med vindjakke og sekk med drikke på turen. 

FraNOK 480
Bestill nå!

Eggenipa

Eit av dei mest ikoniske fjella på Vestlandet. Eit vakkert fjell, men turen er enda betre! Terrenget er ope med berre lav vegetasjon, så du har ei spektakulær utsikt frå ryggen ein følgjer nesten heile vegen. Guidane våre gir opplevinga ein ekstra dimensjon og deler kunnskapen sin om både natur, kultur og historie. Krav: Fjellturen er lang (6-8 timar) og bratt, og krev at du er i god fysisk form. Nokre opptak er òg litt eksponerte og bratte, men guidane våre hjelper og motiverar deg om du treng dette. Toppen ligg på 1330 moh., så der kan vere både meir vind og kaldare enn i lavlandet der vi startar. Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv. Informasjon: Når: Ønska dag og tid fram til 30. september Oppmøte: Parkeringsplassen ved Eggestøylen Tid: 6-8 timar Språk: Engelsk og Norsk Minimum: 3 gjestar Pris: 850kr Alder: Minimum 10 år Inkludert: Dyktig guide Du orndar: Passande turklede vass- og vindtette ytterklede Solide og gode fjellsko varmt, isolerande lag ryggsekk (stor nok til klede, mat og vatn) Lunsj minimum 1 L vatn Korleis finne startpunktet: Om du kjem frå nord (Sandane, Stryn, Loen): Når du passerar Byrkjelo, hald fram mot Bergen på E39 i 5,3km. Sving til venstre på ein grusveg gjennom eit gardstun, og hald fram oppover denne vegen i 3,4km før du kjem til parkeringsplassen. Om du kjem frå sør: (Bergen, Førde, Sogndal, Flåm): På skei tar du vegen ut av rundkøyringa som leiar mot Ålesund, og held fram på hovudvegen (E39) i 14,5km. Når den smale og spektakulære Våtedalen opnar seg litt opp, har du ein gard på høgre side. Der svingar du inn på ein grusveg som går gjennom tunet, og held fram på denne vegen 3,4km før du kjem til parkeringsplassen.

Opplev Gloppefjorden frå kajakk

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald. Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv. Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen. Krav: God fysisk form, og ingen skulderskader Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv. Informasjon: Når: 17. juni - 18. august: Kvar Mandag og Fredag (Andre dagar på førespurnad) Oppmøte: Grandeparken på Sandane kl. 12.00 Tid: 3 timar Språk: Engelsk, norsk Minimum: 3 personar Pris: 990 kr Alder: Minimum 12 år Inkludert: Kajakk & åre Flytevest & våtdrakt/tørrdrakt (om nødvendig) kajakkguide Dette ordnar du: Passande turklede/treningsklede Ekstra sett med klede om du skulle bli våt Lunsjpakke